onsdag 19. desember 2007

Juleferie!!!

No har me i Team Øygarden teke juleferie. Dette inneber for det fyrste at me i teamet har skild våre vegar. Akkurat no er Rebecca på Framnes og nyt nokre etterlengta fridagar før jula set inn. Skribenten av dette innlegget er derimot i vakre Skånevik og startar opptakten til jula der.



Ferie frå team tyder fleire ting:
  • Misjonssambandshumoren blir lagt på hylla for ein kortare periode
  • Frustrasjon over familie som ikkje skjønar poenget med å klappa med ei hand, laga rare lydar med munnen osb
  • Sakkeus får ei etterlengta overhaling (på både viftereim og handbrekk)
  • Tid til å pleia tilhøvet til våre kjære
  • Ingen kjekke konfirmantar å irritera seg grøn av
  • Pause frå andaktskriving og liknande
  • Teammedlemmene kan gjera ting dei ikkje får tid eller høve til i Øygarden


Eg har til dømes nytt nokre av dei fyrste fridagane til å pleia kjærleiksforholdet mitt. Etter ein lang haust utan noko som helst form for fysisk kontakt, har me no endeleg fått høve til å tilbringa litt kvalitetstid saman. Trur det var sunt og godt både for meg sjølv og min kjære; kajakken min. Her er nokre bileter frå ein tur me hadde på mandag.

Min kjære (kajakk) og meg sjølv (biletet nedanføre) ute på tur

Eit aldri så lite skrytebilete av Me, Myself and I. Sjå kor fint ver me har i Skånevik! Sol frå klår himmel, spegelblank sjø... Nokre stader låg det isflak på vassoverflata, då temperaturen ikkje var på det høgaste!

Kajakkåre + Kamera = Fint motivEg vart i fyr (!) og flamme då eg såg dette vakre synet som berre måtte forevigast der det stod i solglansen!


Til sist vil me ynskja alle trufaste lesarar ei velsigna god jul med denne julebøna:


Hellige Far!
Hjelp oss at ikke gavene skjuler for GAVEN,
At ikke barna skjuler for BARNET,
At ikke lysene skjuler for LYSET,
At ikke stjernene skjuler for STJERNEN,
At ikke budbærerne skjuler for BUDSKAPET,
At ikke ordene skjuler for ORDET.
Ordet om at ”Et barn er oss født”.
Ordet om at ”En sønn er oss gitt”.
Hør meg i Faderens, Sønnens og Den Hellige Ånds navn.

For teamet, Margunn

torsdag 6. desember 2007

Kom mai du skjønne milde...

Hei på du!

Nei, det var kanskje ikkje mai heilt enda...


Korleis står det til med deg, trufaste lesar?! Her i Øygarden går tida fortare enn svint. Sidan sist saklege innlegg har me vore på Adventsleir i Sætervika. Der framførde me mellom anna Slemme-Sakk saman med Fjellhaug-jentene Ingvild og Maria! Men noko var gale, Slemme Sakk var ikkje trønder, men ein ekte kvinnhering... Utanom dette var det ein alle tiders leir, med juleverkstad, pepparkakebaking osb.


Denne veka har me gjort mangt og mykje som vanleg, det vil seia; me har hatt konfirmantundervisning, styremøte for ICHTYS (til helga vert det nemleg ein heidundrande juleavslutningsfest med pinnekjøt på menyen), hatt bibelgruppeavslutning med pepparkakebaking, bakt Sakkeus i pepparkakeutgåve, hatt Ligretto-kveld med Frank osb.

I morgon skal me ha komlefest heime i Ingjerdstøvo (huset vårt på godt øygardsmål) saman med BiG gjengen som bur i Bergen og omegn. (Trur nok både Solveig og Frank bur i omegn, ikkje Bergen...) Det blir kjekt! Ellers vil me ynskja alle våre vener som på eit eller anna tidspunkt gjekk på tidenes smell og byrja og studera i staden for å nyta livet som eittåring, LUKKA TIL MED EKSAMEN(ANE)!


Me vil med dette nytta høvet til å ynskja alle lesarane våre ei signa god adventstid! Eit lite tips er å ta seg tid til å tenkja over kvifor me ventar, og kva det er me ventar på. Kongenes konge...


Her fylgjer nokre bileter frå den siste tida:



Hilde og Margunn tykkjer det er gjevande å vera leiarar på leir!
Rune, vår kjære 40 %, måtte også avbiletast på bloggen, etter mykje etterspurnad. Så folkens, slik ser han altså ut. Heilt normal!
Yndlings-Erlend og tidlegare-samubuar Åse-Britt på same biletet, kan det bli betre? Eittåringane på TT-linja på Bibelskolen var på bowling ein dag!

Ligretto har teke Øygarden med storm, og no om dagane (evt kveldane) har me Ligretto-gjestar både titt og ofte. Daniel, Nils Martin, Rebecca og Bernt Kristian i hard kamp...

Bernt og Daniel er svært så engasjerte!

-"Eg leggår ikkje før noen har lagt en gul firer! Kom an. Lægg en gul firer!" Sitat Daniel


Dette er historien om snille Sakk, ein fin brun bil som ikkje har frakk.

Men sjølv om bilen var litt slitt, syntest ingen at han var ein dritt...

Frank godkjenner pyntinga av pepparkakestoltheiten vår, Sakkeus!


Sjå så fin han vart...

For teamet, Margunn

torsdag 22. november 2007

Vyrde 40%-en vår!

No kjem det eit innlegg, som berre er meint som eit hyllingsinnslag til vår kjære 40 %. Han følte seg litt snytt og sett til sides då han oppdaga at han ikkje var nemnd med eit einaste ord på vår fantastiske blogg. Dette tek me i teamet sjølvsagt sjølvkritikk for. Når me tenkjer etter er det merkjeleg korleis me kan ha klart å laga 14 innlegg utan å nemna vår kjære 40% med eit ord?! Me tek med andre ord den på vår eiga kappe!

Dersom me hadde vore gode til å skriva dikt, skulle me skrive eit dikt til deg, vyrde 40% og lagt ut her. Men det er me ikkje.

Dersom me hadde vore gode til å ta bilete, skulle me lagt ut eit bilete av deg her. Men det er me ikkje.

Vårt vesle bidrag i din kamp om merksemda vert difor dette innlegget her. Vonar dette kan plastra nokre av såra du har fått opp gjennom tida etter merksemdsvik!

100%-ane dine, Rebecca og Margunn

NB: Du veit kven du er...

tirsdag 20. november 2007

Tilbake i Øygarden!

Nå har vi landet i Øygarden igjen! Vi har vert på Bibelskolen i Grimstad ca 2.5 uke! Der fikk vi god undervisning og vi fikk sjansen til å snakke med folk som er i samme situasjon som oss! Det var godt! Og været var utrolig fint! Våknet til sol nesten hver dag!




Det som er in og hipt på Bibelskolen iår er hekling og ein lyd som du lager med munnen. Det er vanskelig å forklare hvordan du lager denne lyden, du må bare øve! For oss i teame var det ein gåtur fra BiG til Grimstad og tilbake som gjorde susen!! :)






Ellers er vi her i Øygarden! Vi har vert på 6-7 klasse leir på Skjærgardsheimen og denne veke er stappa full med konfirmantundervisning, Nautnes ungdomsklubb, ICHTYS, skulelaget og bibelsgruppe. Vi har også vert på styremøte for adventsleiren i Sætervika! Den gleder vi oss til!






Været her i Øygarden har blitt litt kaldere, det blåser ikke fullt så mye, vi merker at det snart er vinter! Himmelen blir nYdelig nå sola går ned og stjernehimmelen her kan ingen klage på!






At vi er et team er det ingenting å si på! Så nå har vi også kjøpt oss like gensere! Vi kjøpte de på http://www.altklerdensmukke.com/!

Jeg lager lyden på flyplassen, Kjevik!




Over og ut for denne gangen!


For teamet, Rebecca


søndag 4. november 2007

MARIA'en vår!

HYLL HYLL MARIA !!
Kjære,
vakre,
vene,
snille,
søte,
verdifulle,
lattermilde,
B-menneske,
film-menneske,
treningsnarkomane,
rogalendingen vår,
fantastiske
MARIA!
Du er du og DU duger!
Du er du og DU duger!
Du er du og DU duger,
og du passer perfekt i Guds hånd

onsdag 31. oktober 2007

Digg på BiG

Digg på BiG!
ikjelitediggdetfettkjetilohnydeligt!!
:)

torsdag 25. oktober 2007

ØYGARDEN HELSAR

Vyrde trufaste lesar, om du finns der ute...

Etter ein hard haust med tidlege morgonar og lange arbeidsdagar hadde me gjort oss fortente til ein aldri så liten haustferie. For andre gong sidan me vart sambuar, skildes våre vegar.

Rebecca reiste heim til vakre Framnes og ferierte saman med familien og sin kjære Jan Guttorm. Høgdepunktet til Rebecca i ferien var då ho og JG farga mjølka i matsalen på Framnes blå. Trur både elevar og personale vart ein smule overraska!



Eg på mi side byrja ferien med ein tur til Bildøy, der eg vitja (Prop)Ellen, ei venninne. Dagen derpå reiste eg til Trondheim og vitja både slekt (Inga på Fredly FHS) og vener (Vidar i Klæbuveien). Trivelege dagar. Traff også andre meir eller mindre kjende, til dømes vår alles kjære mattelærar Svein Olav (på møte i Betania.)






Denne veka er det på'an igjen med konfirmantundervisning, bibelgrupper, leirplanleggjingsmøte...

"Dersom Adam og Eva var brune, kvar kjem me kvite då ifrå?" Sitat konfirmant

Slike og ei mengde andre spørsmål dukkar stadig opp. Og det er i grunnen godt. Då veit me i alle fall at ungdommen tenkjer, noko dei ikkje alltid gjev uttrykk for at dei gjere!

No til helga skal me arrangera ungdommsskule leir, før me på mandags morgon vender nasa nedover mot Grimstad for to nye veker på TT på BiG. Difor er me i gong med klesvasken, og då dette fantastiske synet viste seg på tørkestativet, måtte det berre forevigast!




Over og ut for denne gongen.

For teamet, Margunn

lørdag 13. oktober 2007

Kontroll på Haukeland

På onsdag var teamet til rutinemessig kontroll på psykiatrisk avdeling ved Haukeland sjukehus. Etter nøye utskjekkingar og prøvar med diverse lækjarar, kom dei fram til at tilstanden var opp mot normal. I alle fall om ein tek situasjonen og sinnstilstanden i betraktning. Me er difor vel nøygde med resultatet, då me i denne omgangen slapp tvangsinnleggjing på lukka avdeling!






Eigentleg vitja me Josten (Margunn sin vetlebror) som har hatt ein tur til Haukeland grunna brot i kveven. Nyare forskning, og eventuelt erfaring tilseier at det å droppa frokosten kan få fatale fylgjer. I Jostein sitt tilfelle svima han av på jobb, deisa rett ned i betong-golvet og braut kjeven. No har han operert, og kjem nok ikkje til å snakka så mykje dei neste vekene. Med boltar både her og der, kan det verta litt vanskeleg, eller kva, Jostein?
Rebs and Margie

torsdag 11. oktober 2007

LISTE

Kjenner behovet for å laga ei liste. Så no kjem det ei liste! Sidan siste oppdatering har det skjedd mykje nytt som alltid, me har mellom anna:




  • Planlagd å vaska Sakkeus, klyppa plenen osb, men grunna store arbeidsmengder har ikkje tida strukke til

  • Hatt besøk heime i huset vårt 3 dagar på rad

  • Ete "Chapati" (litt usikker på rettskrivinga!) heime hjå kenyanske Yanesh og kona Turid

  • Vore på leirmaraton. Først 3.-4. klasse leir siste helga i september, før me drog rett på ny leir med 6. -8. klasse mandagen etter. Hadde bibeltimar, møter, var forsongarar, pianist osb.

  • Vore vekke frå kvarandre meir enn fem timar samanhengande for fyrste gong sidan 14. august

  • Margunn har teke tog i 25 timar

  • Margunn har vore på Gjensynshelg på BiG

  • Rebecca har vore heime å beisa hytta

  • Teamet har vorte gjenforent etter 4 netter ifrå kvarandre

  • Vore på Haukeland på vitjing til skada bror med knekt kjeve

  • Køyrd fram og attende i Bergen for å finna leiligheita til BiG- Solveig

  • Kjøpt pistasjeis på Åsane Senter

  • Hatt BiG-party for John Bjarne som snart fyller år

  • Planlagt å fyra i peisen, men ikkje gjennomførd enno

  • Rebecca klarde å løysa ein vanskeleg Sudoku, denne gongen var det berre to tal som ikkje stemde

  • Margunn har gått til og frå kontoret (14 km!)

  • Ete pølse og potetstappe 3 dagar på rad

  • Margunn har lært seg å klappa med ei hand
  • Rebecca har drukke kaffi (noko ufrivillig, men dog så naudsynt)

  • Opplevd at vindstyrken over Sotra-brua var 0 m/s

  • Rekna ut at me kunn har 10 dagar igjen med konfirmantane før jul

  • Hatt besøk av Framnesjentene Marianne, Martine og Ingunn

  • Oppdaga eit saksedyr i vasken

  • Konkludert med at me ikkje skal gyta evt få born dei næraste 13,7 åra

  • Gått tom for prim (for femte gong), noko som fører til at me snart må handla igjen

Rebs and Margie



fredag 5. oktober 2007

Høsten har komme!




Idag har eg vå på hytto å beisa! Stått oppå taket, so imåro kjenne eg da nok i leggane!! Men da e godt å komma heim å slappe av litt! Som for eksempel tenne i peisen og ligge å slappe av me nådens gåte boka! :)




Elles e høsten komme for fullt på Framnes! Trea e gule og røde! Naturen e so vakker!!! Og lufta lukter so godt! Lyden av å gå i balder e herlig! Og bladkrig e enno bedre enn snøkrig! Digg å kle på seg litt varme kle og skjerf og gå ut med brødrene mine og leike spark på boks.


Altså ei perfekt helg heima!

Sender hilsen til min kjære samboer som e på vei til Grimstad! Kos deg!
Schnakkæs
Fiskerenes håndtrykk!
For teamet, Rebecca

mandag 1. oktober 2007

SolskinnsdagAR i Øygarden

Livet er herlig! Livet er bra!
Jeg har jo grunn til å være glad!
Gud er min far, derfor har jeg det bra!




E ikje digg her nei!

Lite digg me SOL


Ein hard dag med konfirmanter!


Dette bildet er fra stue vinduet vårt!

For teamet, Rebecca

torsdag 13. september 2007

Framleis liv i vest

No går dagane i eitt her ute, men me tenkte at det jamvel var viktig å halda dykk lesarar oppdaterte. I helga hadde me fri. Tre dagar i strekk. Du slette tid, slik luksus får me ikkje att på ei god stund. Laurdagen nytte eg (Margunn) i Bergen. For å koma dit, brukte eg Sakkeus. For å finna fram til Hilde, mi kjære barndomsvennine, køyrde eg på langs og på tvers i heile byen, pådrog meg omlag alt for mykje bompengar og køyrde feil veg uttallige gonger. Eller som me plar seia det; eg gjorde meg litt kjend i byen. Tok meg ein liten "sightseeing". (Retningssans er kanskje ikkje mi sterkaste side?) Resten av dagen nytte eg saman med Hilde og Erika (den andre barndomsvennina mi). Som forlovar tok eg ansvar og var personleg vegleiar då dei prøvde brurekjolar til deira store dagar neste sommar.


Etterpå reiste eg til Framnes, på vitjing til familien Opsahl-Engen. Der traff me mange kjende frå gamle dagar. Frå den tida me var unge og gjekk på vidaregåande. Det byrjar å verta ei stund sidan no. Eg fekk spelt litt volleyball, og Rebecca fekk leika med kameraet til faren (som er betre enn Espen sitt!) Me fekk også med oss søndagsmøtet, som for øvrig var veldig bra!
Det beste med helga var nok klesvasken. Etter å ha budd snart ein månad i Øygarden, var det ikkje akkurat feil å kjenna lukta av omo igjen...




På mandagen åt me lunsj saman med lærarane, før me vende nasa attende. På vegen stoppa me og såg Shrek på kino i Bergen. Då vart Rebecca endeleg nøgd med helga, ho og...

Denne veka har me hatt bibelgruppe og barnelag. I tillegg er i gong med konfirmantane! Det er spanande å arbeida med fjortisar. Dei er så opne og ærlege! Trur det kan verta utfordrande, men også svært spennande å fylgja dei gjennom dette året. Dei er delte i tre grupper, noko som fører til at me skal vera saman med dei tysdag, onsdag og torsdag annakvar veke. Kvar samling startar med middag. Det vil seia at me denne veka har hatt pizza til middag tre dagar på rad... Dersom du som les dette er så sjenerøs av deg at du nokon gong invitere oss på middag, så ver venleg å ikkje server oss ferdigpizza...

No kallar pliktene. Me har eit leirprogram som må skrivast ut, konfirmanttimar og andaktar som må planleggjast osb.

For teamet, Margunn.

fredag 7. september 2007

Sakkeus og andre bilete

Hei på du, vyrde lesar!

Den siste tida har gått fortare enn svint, og me tenkte at me ville leggja ut nokre smakebitar frå tilværet vårt her ute i form av bileter.

Til venstre har me lasta opp eit bilete av eit av dei mange husdyra våre. Bestanden minkar stadig, men dei med best gener held ut. I byrjinga hadde me både edderkoppar, maur, tussalus osb, men dei fleste har no teke turen til dei evige jaktmarker. Tussalusa er den som så langt har halde ut, og mest kvar dag har me ein ny kompis på besøk av den nemnde rasa. (Kompisen på biletet har diverre avgått med døden, trass storleiken...)

Her har me eit bilete av kontoret vårt på Helse- og tenestesenteret til Øygarden kommune på kommunesenteret Rong. Fætt Kjetil! Heilt greit med eige nøkkelkort! Kontortida vår byrjar når me har lyst, og varer så lenge me har noko å gjera!




I Øygarden er det store avstandar, og i den anledning måtte me gå til anskaffing av eit firhjulsdrive framkomstmiddel. Vidundergolfen vår har etter nøye gjennomtenkjing fått namnet Sakkeus, grunna storleiken. Også kjend som Sakk bland vener. Og dette namnet trur me han trivst med. Han har i alle høve ikkje sagt noko anna. Går som ei kula gjere han også. Forutan eit stereoanlegg som plutseleg ikkje verka meir, ei dør som lak og ein gasspedal som brått gjekk av hengslene, har me ikkje hatt store problemer. Med litt (mykje) sunnmørsk hjelp har me fått retta opp leifane no, og Sakkeus er friskmeld. (Gasspedalen fiksa me sjølve, dog det var sundag og heimreise frå Bibelskulen).

Her i Øygarden svelt me ikkje. Me nyt kvar ein dag, og kvart eit måltid. Og her går det ikkje i nudler eller Grandiosa (enno...). På menyen har me hatt både komla (sjå biletet. Legg merkje til knoken!), fiskegrateng, graut, gryterett, steik fisk, kylling osb. De skjønar sikkert teikninga! To framtidige husmødre kan sakene sine!
Hjartans velkomen på besøk, dersom det skulle falla seg inn at du som les dette er i desse trakter!
Me nemnde i førre innlegg at me har hatt ei veke på TT allereie! Og der møtte me ei kjekk jenta som me måtte foreviga! Ho heiter Johanna (og er singel...!). Ein veldig koseleg eittåring frå Randaberg. Me oppdaga til vår store overrasking at det kan koma noko godt frå Rogaland og, tru det eller ei! (Då det hadde gått nokre dagar, fann eg, dvs Margunn og Johanna ut at me faktisk var tremenningar. Det var jo litt stas!)

Dersom det skulle råda nokon som helst form for tvil, vil me berre presisera at me bur på Vestlandet, med alt det inneber av regn, ver og vind, og for ikkje å gløyma, regn... I det høve har me gått til anskaffing av nye team-jakker. Med Bergans rundt kroppen er me klare til å gå ein stormfull haust i møte!

Eit aldri så lite skrytebilete nedanføre teken ut det eine stoveglaset ein sein kveld! Romantikken har verkeleg grobotn her ute! (Diverre er det ingen gutar å vera romantiske med, men slikt kan ein ikkje leggja så stor vekt på!)





























onsdag 5. september 2007

Team Øygarden på verdsveven

No har me, Rebecca og Margunn, teke det store steget og kasta oss på bloggebylgja. Betre seint enn aldri, heiter eit gamalt ordtøkje.
For dei av våre potensielle trufaste lesarar som ikkje er heilt oppdaterte på kva me held på med for tida, kan me opplysa om at me dette året er stasjonerte i Øygarden, som er ein kommune 3 mil vest for Bergen. Her skal me vera eittåringar. Arbeidet består i å styra ein ungdomsklubb anna kvar laurdag, ha andaktar på skulelag, KRIK, barnelag og liknande, ha konfirmantundervisning og bibelgrupper, og vera leiar på ei rekkje leirar.

I dette høvet er me tilknytta Bibelskolen i Grimstad si Til Tjeneste- linje, noko som inneber at me skal avgarde til Grimstad 6 veker i løpet av året for undervisning og vegleiing. Trur dette kan verta spanande!


På denne bloggen ynskjer me å oppdatera våre både meir og mindre interesserte kjenningar om kva som føregår her ute i øyane!


Til no har me flytta inn i (merk) gardshuset vårt på Vik. Ei koseleg lita bygd med mange trivelege folk. Dei er som Øygardingar flest, svært imøtekomande og hyggjelege mot oss. Så dette lovar godt! På kvart møte me er på er me så "heldige" at me får lov å entra scena og presentera oss... Me har også hatt ei veke på BiG allereie.


Ryktene fortalde oss at været i Øygarden ikkje var av den beste sorten. Før me flytta ut hit vart me skremd med vind og regn kvar dag. I så måte må me seia at me er skuffa. Riktig nok har det kome nokre dråpar regn kvar dag, men vinden glimtar med sitt fråvær. (Ja, sjølvsagt bles det, men dei store stormane har lete venta på seg...)


For teamet, Margunn