torsdag 13. september 2007

Framleis liv i vest

No går dagane i eitt her ute, men me tenkte at det jamvel var viktig å halda dykk lesarar oppdaterte. I helga hadde me fri. Tre dagar i strekk. Du slette tid, slik luksus får me ikkje att på ei god stund. Laurdagen nytte eg (Margunn) i Bergen. For å koma dit, brukte eg Sakkeus. For å finna fram til Hilde, mi kjære barndomsvennine, køyrde eg på langs og på tvers i heile byen, pådrog meg omlag alt for mykje bompengar og køyrde feil veg uttallige gonger. Eller som me plar seia det; eg gjorde meg litt kjend i byen. Tok meg ein liten "sightseeing". (Retningssans er kanskje ikkje mi sterkaste side?) Resten av dagen nytte eg saman med Hilde og Erika (den andre barndomsvennina mi). Som forlovar tok eg ansvar og var personleg vegleiar då dei prøvde brurekjolar til deira store dagar neste sommar.


Etterpå reiste eg til Framnes, på vitjing til familien Opsahl-Engen. Der traff me mange kjende frå gamle dagar. Frå den tida me var unge og gjekk på vidaregåande. Det byrjar å verta ei stund sidan no. Eg fekk spelt litt volleyball, og Rebecca fekk leika med kameraet til faren (som er betre enn Espen sitt!) Me fekk også med oss søndagsmøtet, som for øvrig var veldig bra!
Det beste med helga var nok klesvasken. Etter å ha budd snart ein månad i Øygarden, var det ikkje akkurat feil å kjenna lukta av omo igjen...




På mandagen åt me lunsj saman med lærarane, før me vende nasa attende. På vegen stoppa me og såg Shrek på kino i Bergen. Då vart Rebecca endeleg nøgd med helga, ho og...

Denne veka har me hatt bibelgruppe og barnelag. I tillegg er i gong med konfirmantane! Det er spanande å arbeida med fjortisar. Dei er så opne og ærlege! Trur det kan verta utfordrande, men også svært spennande å fylgja dei gjennom dette året. Dei er delte i tre grupper, noko som fører til at me skal vera saman med dei tysdag, onsdag og torsdag annakvar veke. Kvar samling startar med middag. Det vil seia at me denne veka har hatt pizza til middag tre dagar på rad... Dersom du som les dette er så sjenerøs av deg at du nokon gong invitere oss på middag, så ver venleg å ikkje server oss ferdigpizza...

No kallar pliktene. Me har eit leirprogram som må skrivast ut, konfirmanttimar og andaktar som må planleggjast osb.

For teamet, Margunn.

fredag 7. september 2007

Sakkeus og andre bilete

Hei på du, vyrde lesar!

Den siste tida har gått fortare enn svint, og me tenkte at me ville leggja ut nokre smakebitar frå tilværet vårt her ute i form av bileter.

Til venstre har me lasta opp eit bilete av eit av dei mange husdyra våre. Bestanden minkar stadig, men dei med best gener held ut. I byrjinga hadde me både edderkoppar, maur, tussalus osb, men dei fleste har no teke turen til dei evige jaktmarker. Tussalusa er den som så langt har halde ut, og mest kvar dag har me ein ny kompis på besøk av den nemnde rasa. (Kompisen på biletet har diverre avgått med døden, trass storleiken...)

Her har me eit bilete av kontoret vårt på Helse- og tenestesenteret til Øygarden kommune på kommunesenteret Rong. Fætt Kjetil! Heilt greit med eige nøkkelkort! Kontortida vår byrjar når me har lyst, og varer så lenge me har noko å gjera!




I Øygarden er det store avstandar, og i den anledning måtte me gå til anskaffing av eit firhjulsdrive framkomstmiddel. Vidundergolfen vår har etter nøye gjennomtenkjing fått namnet Sakkeus, grunna storleiken. Også kjend som Sakk bland vener. Og dette namnet trur me han trivst med. Han har i alle høve ikkje sagt noko anna. Går som ei kula gjere han også. Forutan eit stereoanlegg som plutseleg ikkje verka meir, ei dør som lak og ein gasspedal som brått gjekk av hengslene, har me ikkje hatt store problemer. Med litt (mykje) sunnmørsk hjelp har me fått retta opp leifane no, og Sakkeus er friskmeld. (Gasspedalen fiksa me sjølve, dog det var sundag og heimreise frå Bibelskulen).

Her i Øygarden svelt me ikkje. Me nyt kvar ein dag, og kvart eit måltid. Og her går det ikkje i nudler eller Grandiosa (enno...). På menyen har me hatt både komla (sjå biletet. Legg merkje til knoken!), fiskegrateng, graut, gryterett, steik fisk, kylling osb. De skjønar sikkert teikninga! To framtidige husmødre kan sakene sine!
Hjartans velkomen på besøk, dersom det skulle falla seg inn at du som les dette er i desse trakter!
Me nemnde i førre innlegg at me har hatt ei veke på TT allereie! Og der møtte me ei kjekk jenta som me måtte foreviga! Ho heiter Johanna (og er singel...!). Ein veldig koseleg eittåring frå Randaberg. Me oppdaga til vår store overrasking at det kan koma noko godt frå Rogaland og, tru det eller ei! (Då det hadde gått nokre dagar, fann eg, dvs Margunn og Johanna ut at me faktisk var tremenningar. Det var jo litt stas!)

Dersom det skulle råda nokon som helst form for tvil, vil me berre presisera at me bur på Vestlandet, med alt det inneber av regn, ver og vind, og for ikkje å gløyma, regn... I det høve har me gått til anskaffing av nye team-jakker. Med Bergans rundt kroppen er me klare til å gå ein stormfull haust i møte!

Eit aldri så lite skrytebilete nedanføre teken ut det eine stoveglaset ein sein kveld! Romantikken har verkeleg grobotn her ute! (Diverre er det ingen gutar å vera romantiske med, men slikt kan ein ikkje leggja så stor vekt på!)





























onsdag 5. september 2007

Team Øygarden på verdsveven

No har me, Rebecca og Margunn, teke det store steget og kasta oss på bloggebylgja. Betre seint enn aldri, heiter eit gamalt ordtøkje.
For dei av våre potensielle trufaste lesarar som ikkje er heilt oppdaterte på kva me held på med for tida, kan me opplysa om at me dette året er stasjonerte i Øygarden, som er ein kommune 3 mil vest for Bergen. Her skal me vera eittåringar. Arbeidet består i å styra ein ungdomsklubb anna kvar laurdag, ha andaktar på skulelag, KRIK, barnelag og liknande, ha konfirmantundervisning og bibelgrupper, og vera leiar på ei rekkje leirar.

I dette høvet er me tilknytta Bibelskolen i Grimstad si Til Tjeneste- linje, noko som inneber at me skal avgarde til Grimstad 6 veker i løpet av året for undervisning og vegleiing. Trur dette kan verta spanande!


På denne bloggen ynskjer me å oppdatera våre både meir og mindre interesserte kjenningar om kva som føregår her ute i øyane!


Til no har me flytta inn i (merk) gardshuset vårt på Vik. Ei koseleg lita bygd med mange trivelege folk. Dei er som Øygardingar flest, svært imøtekomande og hyggjelege mot oss. Så dette lovar godt! På kvart møte me er på er me så "heldige" at me får lov å entra scena og presentera oss... Me har også hatt ei veke på BiG allereie.


Ryktene fortalde oss at været i Øygarden ikkje var av den beste sorten. Før me flytta ut hit vart me skremd med vind og regn kvar dag. I så måte må me seia at me er skuffa. Riktig nok har det kome nokre dråpar regn kvar dag, men vinden glimtar med sitt fråvær. (Ja, sjølvsagt bles det, men dei store stormane har lete venta på seg...)


For teamet, Margunn