fredag 7. september 2007

Sakkeus og andre bilete

Hei på du, vyrde lesar!

Den siste tida har gått fortare enn svint, og me tenkte at me ville leggja ut nokre smakebitar frå tilværet vårt her ute i form av bileter.

Til venstre har me lasta opp eit bilete av eit av dei mange husdyra våre. Bestanden minkar stadig, men dei med best gener held ut. I byrjinga hadde me både edderkoppar, maur, tussalus osb, men dei fleste har no teke turen til dei evige jaktmarker. Tussalusa er den som så langt har halde ut, og mest kvar dag har me ein ny kompis på besøk av den nemnde rasa. (Kompisen på biletet har diverre avgått med døden, trass storleiken...)

Her har me eit bilete av kontoret vårt på Helse- og tenestesenteret til Øygarden kommune på kommunesenteret Rong. Fætt Kjetil! Heilt greit med eige nøkkelkort! Kontortida vår byrjar når me har lyst, og varer så lenge me har noko å gjera!




I Øygarden er det store avstandar, og i den anledning måtte me gå til anskaffing av eit firhjulsdrive framkomstmiddel. Vidundergolfen vår har etter nøye gjennomtenkjing fått namnet Sakkeus, grunna storleiken. Også kjend som Sakk bland vener. Og dette namnet trur me han trivst med. Han har i alle høve ikkje sagt noko anna. Går som ei kula gjere han også. Forutan eit stereoanlegg som plutseleg ikkje verka meir, ei dør som lak og ein gasspedal som brått gjekk av hengslene, har me ikkje hatt store problemer. Med litt (mykje) sunnmørsk hjelp har me fått retta opp leifane no, og Sakkeus er friskmeld. (Gasspedalen fiksa me sjølve, dog det var sundag og heimreise frå Bibelskulen).

Her i Øygarden svelt me ikkje. Me nyt kvar ein dag, og kvart eit måltid. Og her går det ikkje i nudler eller Grandiosa (enno...). På menyen har me hatt både komla (sjå biletet. Legg merkje til knoken!), fiskegrateng, graut, gryterett, steik fisk, kylling osb. De skjønar sikkert teikninga! To framtidige husmødre kan sakene sine!
Hjartans velkomen på besøk, dersom det skulle falla seg inn at du som les dette er i desse trakter!
Me nemnde i førre innlegg at me har hatt ei veke på TT allereie! Og der møtte me ei kjekk jenta som me måtte foreviga! Ho heiter Johanna (og er singel...!). Ein veldig koseleg eittåring frå Randaberg. Me oppdaga til vår store overrasking at det kan koma noko godt frå Rogaland og, tru det eller ei! (Då det hadde gått nokre dagar, fann eg, dvs Margunn og Johanna ut at me faktisk var tremenningar. Det var jo litt stas!)

Dersom det skulle råda nokon som helst form for tvil, vil me berre presisera at me bur på Vestlandet, med alt det inneber av regn, ver og vind, og for ikkje å gløyma, regn... I det høve har me gått til anskaffing av nye team-jakker. Med Bergans rundt kroppen er me klare til å gå ein stormfull haust i møte!

Eit aldri så lite skrytebilete nedanføre teken ut det eine stoveglaset ein sein kveld! Romantikken har verkeleg grobotn her ute! (Diverre er det ingen gutar å vera romantiske med, men slikt kan ein ikkje leggja så stor vekt på!)





























8 kommentarer:

Anonym sa...

Heei, du datter av min fetter!
(Og de andre og litt...(Men mest Rebecca))

Ser ut som de har da koselig ja! Flott de:D Såg ut som ein flott leilighet de hadde fått og! Eg kjem nok å tar ein nærare titt ein gång, så ha komlena klare;)

(Den edderkopen e jo berre barenemat i forhold til slangane, fuglane og froskane som kjem seg inn på romme mitt... Heilt kaos. Like før eg støype igjen vindue!)

Jaja, men nå fekk du helsingå di, Smekka! Ur wish is my comand!

Nakkes pluttselig

Team Øygarden sa...

Tusen takk Roger! :)
Me ska ha komlene klare viss du seie ifrå når du kjeme!
Me snakkast! Den e turkis!

Siri sa...

Hei Rebecca og Margunn!
So kosli d såg ut me dokke:) tru dokke kjøme til å få et supert år i år!


her oppe he kvardagen innhenta mej me skule,jobb og mykje anna... og ej he fønne ut at lekse e nokke so kjøme når en minst venta d og absolutt ikkje he tia til dei!!! menmen..d e no berre sånn d e...


dokke må forbrede dokke på at viss ej e i nabolage en dag so kjøme ej innom:)hehe


lykke til begge to! må Gud velsigne dokke rikt!

Espen sa...

Konge med blogg jenter!
dette ser lovende ut!
minner om at team i veien har blogg også!
teamiveien.weblogg.no
Lykkt til! gleder meg til å se dere igjen!!:)

Unknown sa...

# 1 Har dokker rappa bilen te Postmann Pat og malt den grå?
# 2 Hvis eg komme på de kanter av landet ska eg definitivt komme på middagsbesøk
# 3 Team Island Garden hørres kanskje litt freshere ut...?

Team Øygarden sa...

Takk for meiningsytring, Petter!

1) Bilen er kjøpt og betalt, og han har sin opphavlege farge. Me vurderte å kjøpa Postman Pat sin, men han skulle ha så mykje pengar for han, at me i staden kjøpte Sakkeus, som me nærast får betalt for å kjøra rundt i!

2) Gatekjøkenet i Øygarden er alltid ope, særskild for folk som likar middag og dessert i eitt!

3) Då me likar det fagre nynorske språket me begge soknar til, kjennest det mest riktig å ikkje blanda inn framandord i bloggenamnet!

Sånn utanom dette var det svært hyggjeleg at du har gjort ei vitjing på sida vår! Det gler gamle hjartor som våre! Korleis står det forresten til med deg for tida? Kjekt å vera sivilarbeidar?

Schnakkæs, fæktisk...

Unknown sa...

Hehe, bibelsk bil e vel tryggest å kjøre. Ikkje glem kem som va enig i at det ville funke med vaniljeis som erstatning for fløte. Joda, det går greit nok. Kos å ver sivilarbeider. Av og te slitsomt, av og te travelt. Jevnt over bra og kollegene e hyggelige. Snakkes på gjensjånadsvekeende?

Anonym sa...

hei jenter:)
håper det er Snille-Sakk dere kjører rundt, Sakk er så slitsom når han er slem.. tar alle nonstoppan og sånn...
bare minner om at Team Slovakia også har egen blogg; teamslovakia.blogspot.com
Lykke til videre! vi snakkes i oktober:)
klemmer fra Karoline