tirsdag 26. februar 2008

Nye tider i Øygarden

Her i Øygarden er det ingenting som skal være'so last year' :)
For å komme inn i helse og tjeneste senteret som vi har kontor i, må vi bruke eit nøkkelkort med kode. Og for å komme inn til kontoret frå gangen hadde me nøkkel og kode på innsida. Ganske avansert for to jenter som ikkje er så vane med så masse sikkerhet! :)

Men no har me, akkurat no faktisk, fått ein ny dings til ytterdøra!
den er blå, fin blåfarge, ganske liten, litt for liten igrunn, passer til å henge på eit nøkkelknipe og har ganske mange tall på seg! Me huske ikkje heilt ka da heite, men ein liten dings som me ska ta foran ein annan dings for å få døra opp!


Altså er nøkkelkort SO last year!

mandag 25. februar 2008

Snart er det vår- tidelibom! det er vår det blir! tidelibom!

Av og te har eg og Margunn klaga litt på været her i Øygarden! Men no ser det ut som om det har hjelpt! For no e store deler av hagen vår dekka av lilla og kvite krokkus, snøklokker og spirer som me trur kanskje vette te påskeliljer!?! Fantastisk!
Er vi klare for våren? JA! :)
Så litt på forskudd- God vårstemning!
Bare for å få litt stemning:
Sola er god!
Sola er toppen!
Sola er varm og den bruner på kroppen!
Sola som skinner hver morgen for meg!
Sola i Øygarden er best synes vi!

tirsdag 19. februar 2008

Sjekketriks

No er team Øygarden på 4.-6. klasse leir. Og det har sin sjarm. Her kan ein læra mykje. Dagens lærdom er eit sjekketriks. Etter å ha høyrd på nokre av deltakarane under middagen, har me kome fram til at det er slik det skal gjerast:

Margunn: "Kan du ikkje spørra nokon for meg?"
Rebecca: "Kven då?"
Margunn: "Same det vel, berre spør nokon!"

Ja, slikt vert det i alle fall kjærastepar av når ein går i femte klasse og er på leir. Statistikken er to nye par til no!

(For dei som ikkje skjøna det, bytte me ut rolleinnehavarane med våre eigne namn. "Eg gjorde det berre for spøk." Sal Ord 26, 19)

fredag 15. februar 2008

Sånn går nå dagane...


Jau, det skal vera både snikkers og twist at dagane går. Og det i ein forrykande fart. Kva er det dei har det så travelt etter? Denne helga har me i Team Øygarden det andre folk kallar vinterferie. Me kallar det frihelg, då "ferien" varer frå fredag til og med søndag. Men tre heile dagar er ikkje til å spøka med!


Før desse tre fantastiske dagane som me no er inne i, har det vore travle tider. Som seg hør og bør køyrer me på med ei liste også denne gongen. Det er så greitt så. Då treng me ikkje sløsa vekk fantasien vår på unødvendige formuleringar av indirekte objekt i leddsetningane som vanlege blogginnlegg krevjer. To ord (pluss moms) er nok til at både lesar og me bloggarar skjønar kvarandre. Så altså, i listeform, dei siste vekene våre:


  • Jentekveld hos Christine

  • Ragnhild Sofie og Frank på besøk til kveldsmat

  • Magnhild på besøk ein arbeidsdag! (Sjå nedanføre...)

  • Konfirmantleir: Mission completed! Me overlevde!!! Meir eller mindre utan varige men! Men slike oppdagar ein vel ikkje før det er gått ei tid...

  • Offisiell opning av disk-golf-sesongen i Øygarden. (Me gjorde det den dagen det ikkje var vind, så fleire gonger blir det neppe!)

  • Fantastisk barnemøteveke med mellom 30 og 40 superengasjerte born på kvart møte

Team Øygardem avbileta på luftetur med valkyriane sine

Me hadde altså vår kjære TT-lærar Magnhild på besøk ein vanleg forblåst torsdag. Svært triveleg! Endå trivelegare vart det då gullkorna hennar etter kvart strøymde ut, det eine betre enn det andre. Ein liten smakebit skal du vyrde lesar få: Magnhild sit og nippar i ein kopp te i huset vårt på Vik. Me snakkar litt om laust og fast i Øygarden. Plutseleg slår det ho at ho har ei venninne som har gått på folkehøgskule, i Øygarden. I mangel på folkehøgskular i Øygarden tenkjer me som det knakar på skular ho eventulet kan ha forveksla det med. Men Magnhild står på sitt. Jo, det var i Øygarden ho gjekk denne venninna. Etter litt om og men kjem Team Øygarden fram til at leirstaden til kommunen kanskje, svært kanskje og under sterk tvil, kan ha vore folkehøgskule ein gong i tida. Sekundet etterpå kjem Magnhild på namnet på skulen; Karmøy folkehøgskule! Det var det han heiter! Og til alle dykk som ikkje veit det: Karmøy folkehøgskule ligg på Karmøy! Og det er ikkje Øygarden, eller kva Magnhild?

Til alle dykk der ute som har det: Ha ein fortreffeleg vinterferie!

Og til alle dykk andre; Ha ei endå meir fortreffeleg helg/veke!

onsdag 6. februar 2008

For at pappa ikkje skal bli skuffa igjen!

Kjære pappa! Her kommer det etterlengta innlegget om deg på bloggen vår! :)

Bud 4: Du skal hedre din far og din mor, så du får leve lenge i det landet Herren din Gud gir deg.