torsdag 3. april 2008

"En løvetann! Det må være sommerens første!"

Jau, godtfolk! Då kan me her i Øygarden informera om at me har funne årets fyrste løvetann! For ei oppleving! Så veit dykk det!

Men det er på langt nær det viktigaste som har hendt her den siste tida. No skal du trufaste lesar få høyra:

Det heile starta eigentleg ein søndag for nokre veker attende. Me hadde akkurat avslutta ein leir og var i grunnen ganske klare for å slappa av begge to. Då fann eg (Margunn) plutseleg ut at eg ville ta meg ein rusletur ut og klårna tankane. Og som sagt, så gjord. På vegen fekk eg lag. Det var ein av desse mørke utlendningane som det finns mange av her i Øygarden som også ville på tur akkurat denne søndagskvelden. Og kvifor då ikkje gå saman, det var jo måneskin og greier.

Ettersom vekene har gått, har det blitt ein del fleire turar på meg og min nyanskaffa ven. Me har så mykje felles. Sjølvsagd er det ikkje alltid at me forstår kvarandre sine dialekter/språk, men me kommuniserer greit saman likevel. Og me trivs godt i kvarandre sitt selskap. Ein kan vel trygt seia at me har fast fylgje. Byrjar å grua meg til sommaren allereie. Etter den vert det nok lange periodar mellom kvar måneskinstur. Det er ikkje så lett med avstandsforhold, har det blitt meg fortald. Kito, som han heiter, held på å bli van med kulturen her i landet, og kan nok ikkje flytta med det fyrste. Butilhøva hans tilseier det. Så då får me heller satsa på litt avstand ein periode. Men akkurat det treng eg ikkje tenkja på no. Det er betre å nyta tida me har saman.

For sæskild interesserte kan det nemnast at Kito er ein hund (som eg er så heldig å få låna til å trimma saman med korti og ofte eg ynskjer! Snakk om hugnadsame naboar her i Øygarden?!?!)

For teamet,

Margunn