torsdag 3. april 2008

"En løvetann! Det må være sommerens første!"

Jau, godtfolk! Då kan me her i Øygarden informera om at me har funne årets fyrste løvetann! For ei oppleving! Så veit dykk det!

Men det er på langt nær det viktigaste som har hendt her den siste tida. No skal du trufaste lesar få høyra:

Det heile starta eigentleg ein søndag for nokre veker attende. Me hadde akkurat avslutta ein leir og var i grunnen ganske klare for å slappa av begge to. Då fann eg (Margunn) plutseleg ut at eg ville ta meg ein rusletur ut og klårna tankane. Og som sagt, så gjord. På vegen fekk eg lag. Det var ein av desse mørke utlendningane som det finns mange av her i Øygarden som også ville på tur akkurat denne søndagskvelden. Og kvifor då ikkje gå saman, det var jo måneskin og greier.

Ettersom vekene har gått, har det blitt ein del fleire turar på meg og min nyanskaffa ven. Me har så mykje felles. Sjølvsagd er det ikkje alltid at me forstår kvarandre sine dialekter/språk, men me kommuniserer greit saman likevel. Og me trivs godt i kvarandre sitt selskap. Ein kan vel trygt seia at me har fast fylgje. Byrjar å grua meg til sommaren allereie. Etter den vert det nok lange periodar mellom kvar måneskinstur. Det er ikkje så lett med avstandsforhold, har det blitt meg fortald. Kito, som han heiter, held på å bli van med kulturen her i landet, og kan nok ikkje flytta med det fyrste. Butilhøva hans tilseier det. Så då får me heller satsa på litt avstand ein periode. Men akkurat det treng eg ikkje tenkja på no. Det er betre å nyta tida me har saman.

For sæskild interesserte kan det nemnast at Kito er ein hund (som eg er så heldig å få låna til å trimma saman med korti og ofte eg ynskjer! Snakk om hugnadsame naboar her i Øygarden?!?!)

For teamet,

Margunn

8 kommentarer:

Espen sa...

Vi var på Sotra i går faktisk og overnatta hos Frank! hadde det ikke vært for at vi kom til han 04.00 om natta og dro tidlig neste morgen, så hadde vi kommet på en visit!=)

Team Øygarden sa...

hæ? då va deko jo berre 10 minutt unna oss! me e jo altid våkne og! Kor har de vå då?

Anonym sa...

Grasiøse godhet, tror du de er kommet for å fiske?

Anonym sa...

hmm.. dette var ganske vanskeli! men kan det være roger skogly mon tro? og kjeme han me eit sitat frå asterix og obelix? hehe!

Anonym sa...

hee heeey!!!
konge me jevnlie oppdateringa.....*kremt*

livilaiv sa...

Ikkje det at eg e den rette rævo te å fisa, men hadde da vore ein ide med ein opppdatering snart?
i morgon reiser eg til os for å passa søskenbarna mine Margunn. synd du ikkje kunne bli med, eg trur kanskje eg kjem til å savna deg der... Men du, me må treffast snart... lenge sio no!

Anonym sa...

hallo hallo!
der fann eg jammen dåkke her inne på internett, de va no koseli.
Ville berre sei, de va utruli koseli å ha dåkke her!goe folk:)

Anonym sa...

Hei godtfolk!
Så kjekt at dykk vitjar sida vår, sjølv om det er lenge mellom kvart nye innlegg!
Til deg Liv Grete så er det berre til å koma på besøk! Nå er me i Øygarden nokre veker, så då er det berre til å ta turen innom når det måtte passa! Det hadde vore kanon!
Og til Betzy må eg nesten byrja med å seia "Gratulera med dagen..." Konge å henga med deg/dykk på BiG! Fine gjeng altså, den skal de ha:) Blir knaz å sjå deg igjen på Sommer i Sør då... Eller?!?