torsdag 6. desember 2007

Kom mai du skjønne milde...

Hei på du!

Nei, det var kanskje ikkje mai heilt enda...


Korleis står det til med deg, trufaste lesar?! Her i Øygarden går tida fortare enn svint. Sidan sist saklege innlegg har me vore på Adventsleir i Sætervika. Der framførde me mellom anna Slemme-Sakk saman med Fjellhaug-jentene Ingvild og Maria! Men noko var gale, Slemme Sakk var ikkje trønder, men ein ekte kvinnhering... Utanom dette var det ein alle tiders leir, med juleverkstad, pepparkakebaking osb.


Denne veka har me gjort mangt og mykje som vanleg, det vil seia; me har hatt konfirmantundervisning, styremøte for ICHTYS (til helga vert det nemleg ein heidundrande juleavslutningsfest med pinnekjøt på menyen), hatt bibelgruppeavslutning med pepparkakebaking, bakt Sakkeus i pepparkakeutgåve, hatt Ligretto-kveld med Frank osb.

I morgon skal me ha komlefest heime i Ingjerdstøvo (huset vårt på godt øygardsmål) saman med BiG gjengen som bur i Bergen og omegn. (Trur nok både Solveig og Frank bur i omegn, ikkje Bergen...) Det blir kjekt! Ellers vil me ynskja alle våre vener som på eit eller anna tidspunkt gjekk på tidenes smell og byrja og studera i staden for å nyta livet som eittåring, LUKKA TIL MED EKSAMEN(ANE)!


Me vil med dette nytta høvet til å ynskja alle lesarane våre ei signa god adventstid! Eit lite tips er å ta seg tid til å tenkja over kvifor me ventar, og kva det er me ventar på. Kongenes konge...


Her fylgjer nokre bileter frå den siste tida:



Hilde og Margunn tykkjer det er gjevande å vera leiarar på leir!
Rune, vår kjære 40 %, måtte også avbiletast på bloggen, etter mykje etterspurnad. Så folkens, slik ser han altså ut. Heilt normal!
Yndlings-Erlend og tidlegare-samubuar Åse-Britt på same biletet, kan det bli betre? Eittåringane på TT-linja på Bibelskolen var på bowling ein dag!

Ligretto har teke Øygarden med storm, og no om dagane (evt kveldane) har me Ligretto-gjestar både titt og ofte. Daniel, Nils Martin, Rebecca og Bernt Kristian i hard kamp...

Bernt og Daniel er svært så engasjerte!

-"Eg leggår ikkje før noen har lagt en gul firer! Kom an. Lægg en gul firer!" Sitat Daniel


Dette er historien om snille Sakk, ein fin brun bil som ikkje har frakk.

Men sjølv om bilen var litt slitt, syntest ingen at han var ein dritt...

Frank godkjenner pyntinga av pepparkakestoltheiten vår, Sakkeus!


Sjå så fin han vart...

For teamet, Margunn

7 kommentarer:

Anonym sa...

Optimistisk ell, Rebeccs? Here comes the sun? Hvor da?
Nesten like bra som fjorårets pepperkake-kirke hos fam. Opshal-Engen;)

Team Øygarden sa...

hei roger!
bilen overgår faktisk mamma sin pepperkake-kirke! sakkeus er kjempe fin! :)
men ein ting ska hvertfall me ha, her i teamet! me oppdatere bloggen vår! der ligge du litt bak!
du har kanskje ikkje so god tid med all denne damejaginga? mohaha

Anonym sa...

Kjeft a'! Lat oss ikkje gå inn på da emne:P Mohah!
Eg har mista koden til bloggsiden, åsså har eg ikkje hatt ti te å gjøre sånn "send-pasor-til-mailen-min"-ting... Og ikkje på grunn av de nei!! Førjuls-jobbing, to styreverv, jobbing på "garden". Ju naim it!
Men nå si du sa da, ska eg heller ta meg ti;)
Men har null ide om ka eg ska skria om akkurat nå...

Christine=) sa...

Sakkeus va kjempe fine...=)=) All ære te dåkkas pepperkakebaking..:) Takk for ein meget koslige kveld sjå dåkke i går:D

Ingrid sa...

Eg blir helt imponert. Pepperkaker og ligretto..Det e jo sånn eg feirer jul!

Kjekt å lese om dykk. Margunn, du e morsom.

Så va det jo kjentsfolk av alle slag på bileta dykkar! BiG-folk, Tremor-folk, barn-av-folk-i-samme-bibelgruppe-som-mamma-og-pappa-folk.. Kos rett og slett.

No vender eg snart tilbake til den dyrebare øy; Litlesotra. Men dere e vel allerede stukket hem til mor og jul?

Vi snakkes på TT, om ikkje før. Skal dere til Øygarden før TT??

Fred og god jul!!!

Team Øygarden sa...

Kjekt å få besøk av deg Christine (og resten av gjengen og for såvidt!)

Og til deg Ingrid må me nok meddela at me allereie har teke ferie ja, så neste gong me sjåast er nok på BiG. Men det blir jo digg! (Skal til Oslo ei veke på NLM-eittåringskurs før TT!)Kult at du kjenner folka "våre" då! Kven skulle trudd det?! Ha ei velsigna god jul du også!

Anonym sa...

DOKK E BARE LØGNE=) Konge folk asså:) Glede meg te å se dokk på TT! KOs dokk i Oslo så lenge så ses me snart=)=)