- Planlagd å vaska Sakkeus, klyppa plenen osb, men grunna store arbeidsmengder har ikkje tida strukke til
- Hatt besøk heime i huset vårt 3 dagar på rad
- Ete "Chapati" (litt usikker på rettskrivinga!) heime hjå kenyanske Yanesh og kona Turid
- Vore på leirmaraton. Først 3.-4. klasse leir siste helga i september, før me drog rett på ny leir med 6. -8. klasse mandagen etter. Hadde bibeltimar, møter, var forsongarar, pianist osb.
- Vore vekke frå kvarandre meir enn fem timar samanhengande for fyrste gong sidan 14. august
- Margunn har teke tog i 25 timar
- Margunn har vore på Gjensynshelg på BiG
- Rebecca har vore heime å beisa hytta
- Teamet har vorte gjenforent etter 4 netter ifrå kvarandre
- Vore på Haukeland på vitjing til skada bror med knekt kjeve
- Køyrd fram og attende i Bergen for å finna leiligheita til BiG- Solveig
- Kjøpt pistasjeis på Åsane Senter
- Hatt BiG-party for John Bjarne som snart fyller år
- Planlagt å fyra i peisen, men ikkje gjennomførd enno
- Rebecca klarde å løysa ein vanskeleg Sudoku, denne gongen var det berre to tal som ikkje stemde
- Margunn har gått til og frå kontoret (14 km!)
- Ete pølse og potetstappe 3 dagar på rad
- Margunn har lært seg å klappa med ei hand
- Rebecca har drukke kaffi (noko ufrivillig, men dog så naudsynt)
- Opplevd at vindstyrken over Sotra-brua var 0 m/s
- Rekna ut at me kunn har 10 dagar igjen med konfirmantane før jul
- Hatt besøk av Framnesjentene Marianne, Martine og Ingunn
- Oppdaga eit saksedyr i vasken
- Konkludert med at me ikkje skal gyta evt få born dei næraste 13,7 åra
- Gått tom for prim (for femte gong), noko som fører til at me snart må handla igjen
Rebs and Margie
3 kommentarer:
oioioi. ikkje verst!
fint å se margunn igjen.
ikkje så fint å ikkje se rebecca igjen.
ellers så har eg observert at dåkk har blingsa litt på linken til livjorun. hehe. flott!
snakkes, team!
Hei Livi!
Me har vå innom bloggen din vettu! :) Den e stilig!
Schnakkæs!
No e feilen fiksa Livi! :)
Legg inn en kommentar