torsdag 13. september 2007

Framleis liv i vest

No går dagane i eitt her ute, men me tenkte at det jamvel var viktig å halda dykk lesarar oppdaterte. I helga hadde me fri. Tre dagar i strekk. Du slette tid, slik luksus får me ikkje att på ei god stund. Laurdagen nytte eg (Margunn) i Bergen. For å koma dit, brukte eg Sakkeus. For å finna fram til Hilde, mi kjære barndomsvennine, køyrde eg på langs og på tvers i heile byen, pådrog meg omlag alt for mykje bompengar og køyrde feil veg uttallige gonger. Eller som me plar seia det; eg gjorde meg litt kjend i byen. Tok meg ein liten "sightseeing". (Retningssans er kanskje ikkje mi sterkaste side?) Resten av dagen nytte eg saman med Hilde og Erika (den andre barndomsvennina mi). Som forlovar tok eg ansvar og var personleg vegleiar då dei prøvde brurekjolar til deira store dagar neste sommar.


Etterpå reiste eg til Framnes, på vitjing til familien Opsahl-Engen. Der traff me mange kjende frå gamle dagar. Frå den tida me var unge og gjekk på vidaregåande. Det byrjar å verta ei stund sidan no. Eg fekk spelt litt volleyball, og Rebecca fekk leika med kameraet til faren (som er betre enn Espen sitt!) Me fekk også med oss søndagsmøtet, som for øvrig var veldig bra!
Det beste med helga var nok klesvasken. Etter å ha budd snart ein månad i Øygarden, var det ikkje akkurat feil å kjenna lukta av omo igjen...




På mandagen åt me lunsj saman med lærarane, før me vende nasa attende. På vegen stoppa me og såg Shrek på kino i Bergen. Då vart Rebecca endeleg nøgd med helga, ho og...

Denne veka har me hatt bibelgruppe og barnelag. I tillegg er i gong med konfirmantane! Det er spanande å arbeida med fjortisar. Dei er så opne og ærlege! Trur det kan verta utfordrande, men også svært spennande å fylgja dei gjennom dette året. Dei er delte i tre grupper, noko som fører til at me skal vera saman med dei tysdag, onsdag og torsdag annakvar veke. Kvar samling startar med middag. Det vil seia at me denne veka har hatt pizza til middag tre dagar på rad... Dersom du som les dette er så sjenerøs av deg at du nokon gong invitere oss på middag, så ver venleg å ikkje server oss ferdigpizza...

No kallar pliktene. Me har eit leirprogram som må skrivast ut, konfirmanttimar og andaktar som må planleggjast osb.

For teamet, Margunn.

5 kommentarer:

Anonym sa...

UUhhhh, Rebecca the fotograf, lissom! Hehe!
Men e de jobbings kvar helg framover eller? tenkte eg skulle ta meg ein tur ein lørdg i nærare framtid?! Hvis de passe? Lenge si eg har ete komle ser du;)
Men kos dykk vidare! Og så må de jo ikkje jobba dykk heilt i hjel heller, vett:)
den e turkis! Sjåast brått!

Anonym sa...

Hei Roger! Ja, da e ein del jobbings no framøve! Den første fri helga e i oktober.. den 5-8 oktober, og då tenkte eg meg heim ein tur! So då kan me jo finna på noke smart! Mormor e på besøk, so du må nok dela meg me ho!
Spør Jan Guttorm ka han fekk på søndag då! hehe! (komler!)
¨Schnakkæs søskenbarnet te far min!

Anonym sa...

Ai...eg hate å dela. Men de går nok bra:) Ja, finna på nåke glupt og smart då ja!
Men kip øpp te gudd vørk!
Så snakkeast me bråttom!
Stay cool!

Anonym sa...

Hei kjære venner, i langtvekkistan=)Spennande å lesa om dokk, hørres kanon ud.. Komme gjerna på besøg ein dag!!=) Men ellers GLEDE eg meg masse te å se dokk igjen på BIG å husk dokk e velkomne innom te Stavanger, viss dokk trenge ein liden pause på turen opp!!?=) Ha ein strålande dag!! Klemm

Espen sa...

Dere må jo komme på gjennsynshelga jenter! det blir så bra det:) rett og slett topp!:) men kamera som er bedre enn espen sitt? er det mulig da???