torsdag 3. april 2008
"En løvetann! Det må være sommerens første!"
Men det er på langt nær det viktigaste som har hendt her den siste tida. No skal du trufaste lesar få høyra:
Det heile starta eigentleg ein søndag for nokre veker attende. Me hadde akkurat avslutta ein leir og var i grunnen ganske klare for å slappa av begge to. Då fann eg (Margunn) plutseleg ut at eg ville ta meg ein rusletur ut og klårna tankane. Og som sagt, så gjord. På vegen fekk eg lag. Det var ein av desse mørke utlendningane som det finns mange av her i Øygarden som også ville på tur akkurat denne søndagskvelden. Og kvifor då ikkje gå saman, det var jo måneskin og greier.
Ettersom vekene har gått, har det blitt ein del fleire turar på meg og min nyanskaffa ven. Me har så mykje felles. Sjølvsagd er det ikkje alltid at me forstår kvarandre sine dialekter/språk, men me kommuniserer greit saman likevel. Og me trivs godt i kvarandre sitt selskap. Ein kan vel trygt seia at me har fast fylgje. Byrjar å grua meg til sommaren allereie. Etter den vert det nok lange periodar mellom kvar måneskinstur. Det er ikkje så lett med avstandsforhold, har det blitt meg fortald. Kito, som han heiter, held på å bli van med kulturen her i landet, og kan nok ikkje flytta med det fyrste. Butilhøva hans tilseier det. Så då får me heller satsa på litt avstand ein periode. Men akkurat det treng eg ikkje tenkja på no. Det er betre å nyta tida me har saman.
For sæskild interesserte kan det nemnast at Kito er ein hund (som eg er så heldig å få låna til å trimma saman med korti og ofte eg ynskjer! Snakk om hugnadsame naboar her i Øygarden?!?!)
For teamet,
Margunn
onsdag 5. mars 2008
Det snør, det snør, tiddelibom.... :S

tirsdag 26. februar 2008
Nye tider i Øygarden
Altså er nøkkelkort SO last year!


mandag 25. februar 2008
Snart er det vår- tidelibom! det er vår det blir! tidelibom!


tirsdag 19. februar 2008
Sjekketriks
Margunn: "Kan du ikkje spørra nokon for meg?"
Rebecca: "Kven då?"
Margunn: "Same det vel, berre spør nokon!"
Ja, slikt vert det i alle fall kjærastepar av når ein går i femte klasse og er på leir. Statistikken er to nye par til no!
(For dei som ikkje skjøna det, bytte me ut rolleinnehavarane med våre eigne namn. "Eg gjorde det berre for spøk." Sal Ord 26, 19)
fredag 15. februar 2008
Sånn går nå dagane...
- Jentekveld hos Christine
- Ragnhild Sofie og Frank på besøk til kveldsmat
- Magnhild på besøk ein arbeidsdag! (Sjå nedanføre...)
- Konfirmantleir: Mission completed! Me overlevde!!! Meir eller mindre utan varige men! Men slike oppdagar ein vel ikkje før det er gått ei tid...
- Offisiell opning av disk-golf-sesongen i Øygarden. (Me gjorde det den dagen det ikkje var vind, så fleire gonger blir det neppe!)
- Fantastisk barnemøteveke med mellom 30 og 40 superengasjerte born på kvart møte
Team Øygardem avbileta på luftetur med valkyriane sine
Me hadde altså vår kjære TT-lærar Magnhild på besøk ein vanleg forblåst torsdag. Svært triveleg! Endå trivelegare vart det då gullkorna hennar etter kvart strøymde ut, det eine betre enn det andre. Ein liten smakebit skal du vyrde lesar få: Magnhild sit og nippar i ein kopp te i huset vårt på Vik. Me snakkar litt om laust og fast i Øygarden. Plutseleg slår det ho at ho har ei venninne som har gått på folkehøgskule, i Øygarden. I mangel på folkehøgskular i Øygarden tenkjer me som det knakar på skular ho eventulet kan ha forveksla det med. Men Magnhild står på sitt. Jo, det var i Øygarden ho gjekk denne venninna. Etter litt om og men kjem Team Øygarden fram til at leirstaden til kommunen kanskje, svært kanskje og under sterk tvil, kan ha vore folkehøgskule ein gong i tida. Sekundet etterpå kjem Magnhild på namnet på skulen; Karmøy folkehøgskule! Det var det han heiter! Og til alle dykk som ikkje veit det: Karmøy folkehøgskule ligg på Karmøy! Og det er ikkje Øygarden, eller kva Magnhild?
Til alle dykk der ute som har det: Ha ein fortreffeleg vinterferie!
Og til alle dykk andre; Ha ei endå meir fortreffeleg helg/veke!