fredag 15. februar 2008

Sånn går nå dagane...


Jau, det skal vera både snikkers og twist at dagane går. Og det i ein forrykande fart. Kva er det dei har det så travelt etter? Denne helga har me i Team Øygarden det andre folk kallar vinterferie. Me kallar det frihelg, då "ferien" varer frå fredag til og med søndag. Men tre heile dagar er ikkje til å spøka med!


Før desse tre fantastiske dagane som me no er inne i, har det vore travle tider. Som seg hør og bør køyrer me på med ei liste også denne gongen. Det er så greitt så. Då treng me ikkje sløsa vekk fantasien vår på unødvendige formuleringar av indirekte objekt i leddsetningane som vanlege blogginnlegg krevjer. To ord (pluss moms) er nok til at både lesar og me bloggarar skjønar kvarandre. Så altså, i listeform, dei siste vekene våre:


  • Jentekveld hos Christine

  • Ragnhild Sofie og Frank på besøk til kveldsmat

  • Magnhild på besøk ein arbeidsdag! (Sjå nedanføre...)

  • Konfirmantleir: Mission completed! Me overlevde!!! Meir eller mindre utan varige men! Men slike oppdagar ein vel ikkje før det er gått ei tid...

  • Offisiell opning av disk-golf-sesongen i Øygarden. (Me gjorde det den dagen det ikkje var vind, så fleire gonger blir det neppe!)

  • Fantastisk barnemøteveke med mellom 30 og 40 superengasjerte born på kvart møte

Team Øygardem avbileta på luftetur med valkyriane sine

Me hadde altså vår kjære TT-lærar Magnhild på besøk ein vanleg forblåst torsdag. Svært triveleg! Endå trivelegare vart det då gullkorna hennar etter kvart strøymde ut, det eine betre enn det andre. Ein liten smakebit skal du vyrde lesar få: Magnhild sit og nippar i ein kopp te i huset vårt på Vik. Me snakkar litt om laust og fast i Øygarden. Plutseleg slår det ho at ho har ei venninne som har gått på folkehøgskule, i Øygarden. I mangel på folkehøgskular i Øygarden tenkjer me som det knakar på skular ho eventulet kan ha forveksla det med. Men Magnhild står på sitt. Jo, det var i Øygarden ho gjekk denne venninna. Etter litt om og men kjem Team Øygarden fram til at leirstaden til kommunen kanskje, svært kanskje og under sterk tvil, kan ha vore folkehøgskule ein gong i tida. Sekundet etterpå kjem Magnhild på namnet på skulen; Karmøy folkehøgskule! Det var det han heiter! Og til alle dykk som ikkje veit det: Karmøy folkehøgskule ligg på Karmøy! Og det er ikkje Øygarden, eller kva Magnhild?

Til alle dykk der ute som har det: Ha ein fortreffeleg vinterferie!

Og til alle dykk andre; Ha ei endå meir fortreffeleg helg/veke!

1 kommentar:

Anonym sa...

fantastsik innlegg min kjære sambuar! me har jo vå ute me diskane våre einging te! med liv grete! enig med dei andre punkta... :) ellers har eg no lada opp te ny leir! snakkast!