onsdag 19. desember 2007

Juleferie!!!

No har me i Team Øygarden teke juleferie. Dette inneber for det fyrste at me i teamet har skild våre vegar. Akkurat no er Rebecca på Framnes og nyt nokre etterlengta fridagar før jula set inn. Skribenten av dette innlegget er derimot i vakre Skånevik og startar opptakten til jula der.



Ferie frå team tyder fleire ting:
  • Misjonssambandshumoren blir lagt på hylla for ein kortare periode
  • Frustrasjon over familie som ikkje skjønar poenget med å klappa med ei hand, laga rare lydar med munnen osb
  • Sakkeus får ei etterlengta overhaling (på både viftereim og handbrekk)
  • Tid til å pleia tilhøvet til våre kjære
  • Ingen kjekke konfirmantar å irritera seg grøn av
  • Pause frå andaktskriving og liknande
  • Teammedlemmene kan gjera ting dei ikkje får tid eller høve til i Øygarden


Eg har til dømes nytt nokre av dei fyrste fridagane til å pleia kjærleiksforholdet mitt. Etter ein lang haust utan noko som helst form for fysisk kontakt, har me no endeleg fått høve til å tilbringa litt kvalitetstid saman. Trur det var sunt og godt både for meg sjølv og min kjære; kajakken min. Her er nokre bileter frå ein tur me hadde på mandag.

Min kjære (kajakk) og meg sjølv (biletet nedanføre) ute på tur

Eit aldri så lite skrytebilete av Me, Myself and I. Sjå kor fint ver me har i Skånevik! Sol frå klår himmel, spegelblank sjø... Nokre stader låg det isflak på vassoverflata, då temperaturen ikkje var på det høgaste!

Kajakkåre + Kamera = Fint motivEg vart i fyr (!) og flamme då eg såg dette vakre synet som berre måtte forevigast der det stod i solglansen!


Til sist vil me ynskja alle trufaste lesarar ei velsigna god jul med denne julebøna:


Hellige Far!
Hjelp oss at ikke gavene skjuler for GAVEN,
At ikke barna skjuler for BARNET,
At ikke lysene skjuler for LYSET,
At ikke stjernene skjuler for STJERNEN,
At ikke budbærerne skjuler for BUDSKAPET,
At ikke ordene skjuler for ORDET.
Ordet om at ”Et barn er oss født”.
Ordet om at ”En sønn er oss gitt”.
Hør meg i Faderens, Sønnens og Den Hellige Ånds navn.

For teamet, Margunn

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Margunn for eit nydeli innlegg! Bra at du fekk komma heim å pleia kjærleiksforhldet ditt i ferien! enig med da punktet der familien ikkje skjønne vitsen me å klappa me ei hånd! elles sko eg helsa frå framnes folk. Her på Framnes e da kjmpe kaldt! is på evjo heilt te blyberg!! Kos deg masse! og so snakkaset me nok om eit par daga! :)
Hilsen sambuaren din!
God Jul! Hels opphavet ditt++!

Anonym sa...

Konge Margunn! Hehe.. faktisk har jeg leita etter den bønnen du hadde helt til slutt.. Men da fant jeg den vettu! God jul! Og kos dere masse på leir til helga!!

Ingvild sa...

Dette såg verkeleg romantisk ut. Særleg om ein tenkjer på at du hadde utsikt til nydelige Utåker (så fekk eg sagt da). Lukke til vidare i arbeidet i Øygarden. De er flinke...

Team Øygarden sa...

Takk for det Ragnhild Sofie! Kjekt å sjå deg igjen på TT!
Og til deg Ingvild må eg seia at utsikta er fantastisk ja, men eg trur ho er hakket betre frå di side av fjorden... Det var veldig kjekt å vitja dykk på Fjellhaug! Litt dumt at Marit vant Ligrettoen, men sånn er nå den saka...
Gler meg til topptur i påska:)
Lukka til vidare på Fjellhaug!

Anonym sa...

sånn skriver du kommentar pappa:

1: bra! du e allerede her! du har trykka på kommentarknappen og er klar for å skrive.

2:du skriver inn teksten i tekstboksen.

3: du velger identitet!
-blogg (for de med blogg-altaå ikkje du pappa)
-kallenavn- der kan du skrive navnet ditt! eller eit kallenavn. for eksempel'' pappaen til rebecca som ikkje ofte er inne på blogger for å skrive kommentar''?
-eller du kan trykke anonym for å være nettopp anonym!

lykke til pappa!

Anonym sa...

sorry pappa!
glemte å nevne at du må trykke på den oransje knappen der det står 'publiser kommentaren din'for at den skal komme opp og bli synlig!