torsdag 22. november 2007

Vyrde 40%-en vår!

No kjem det eit innlegg, som berre er meint som eit hyllingsinnslag til vår kjære 40 %. Han følte seg litt snytt og sett til sides då han oppdaga at han ikkje var nemnd med eit einaste ord på vår fantastiske blogg. Dette tek me i teamet sjølvsagt sjølvkritikk for. Når me tenkjer etter er det merkjeleg korleis me kan ha klart å laga 14 innlegg utan å nemna vår kjære 40% med eit ord?! Me tek med andre ord den på vår eiga kappe!

Dersom me hadde vore gode til å skriva dikt, skulle me skrive eit dikt til deg, vyrde 40% og lagt ut her. Men det er me ikkje.

Dersom me hadde vore gode til å ta bilete, skulle me lagt ut eit bilete av deg her. Men det er me ikkje.

Vårt vesle bidrag i din kamp om merksemda vert difor dette innlegget her. Vonar dette kan plastra nokre av såra du har fått opp gjennom tida etter merksemdsvik!

100%-ane dine, Rebecca og Margunn

NB: Du veit kven du er...

3 kommentarer:

Anonym sa...

eg synes 40% deres burde fått ihvertfall navnet på trykk! Stakkars. Han gjer sikkert ein glimrande jobb:)

Espen sa...

hei sveis!
håper ikke alt går skeis!
der borte...;)

Anonym sa...

hei hei Martine!
jo, han får nok oppmerksomhet av oss! hehe! Han gjere ein super jobb!

Og hei Espen!
Likte riminga di... sveis-skeis-borte? haha!
Her går da bra vettu! :)
den 25 november hadde me vår første snøballkrig for vinteren! og me laga vår første snømann!
Og det kulaste av alt- me tok inn tre roser frå rosetreet i hagen! ikje verst hæ?

Håpe de har da bra på BiG og!