torsdag 25. oktober 2007

ØYGARDEN HELSAR

Vyrde trufaste lesar, om du finns der ute...

Etter ein hard haust med tidlege morgonar og lange arbeidsdagar hadde me gjort oss fortente til ein aldri så liten haustferie. For andre gong sidan me vart sambuar, skildes våre vegar.

Rebecca reiste heim til vakre Framnes og ferierte saman med familien og sin kjære Jan Guttorm. Høgdepunktet til Rebecca i ferien var då ho og JG farga mjølka i matsalen på Framnes blå. Trur både elevar og personale vart ein smule overraska!



Eg på mi side byrja ferien med ein tur til Bildøy, der eg vitja (Prop)Ellen, ei venninne. Dagen derpå reiste eg til Trondheim og vitja både slekt (Inga på Fredly FHS) og vener (Vidar i Klæbuveien). Trivelege dagar. Traff også andre meir eller mindre kjende, til dømes vår alles kjære mattelærar Svein Olav (på møte i Betania.)






Denne veka er det på'an igjen med konfirmantundervisning, bibelgrupper, leirplanleggjingsmøte...

"Dersom Adam og Eva var brune, kvar kjem me kvite då ifrå?" Sitat konfirmant

Slike og ei mengde andre spørsmål dukkar stadig opp. Og det er i grunnen godt. Då veit me i alle fall at ungdommen tenkjer, noko dei ikkje alltid gjev uttrykk for at dei gjere!

No til helga skal me arrangera ungdommsskule leir, før me på mandags morgon vender nasa nedover mot Grimstad for to nye veker på TT på BiG. Difor er me i gong med klesvasken, og då dette fantastiske synet viste seg på tørkestativet, måtte det berre forevigast!




Over og ut for denne gongen.

For teamet, Margunn

4 kommentarer:

Ingvild sa...

Vyrde Margunn (og du andre, sjølv om eg ikkje kjenner deg)!
Det høyres ut som om de står i eit spanande arbeid. det er i alle fall eit viktig arbeid! Håpar de trivas. Helsing Ingvild. PS! Du er hjarteleg velkomen til Fjellhaug ein tur:)

Ingunn Marie og Hans Christian sa...

Bra jobba øygardsjenter! =) Kjenne dåke bør besøka meg når dåke reiser te grimstad.. bjørnebakken 45-velkommen! :) Ellers, regne me dåke flytte kr.sand begge to neste haust..so kan vi leke..og få gang på trekantsambænet,Margis=) Ellers, stå på i misjonsmarka! ;)

Vennelig helsing trufast lesar!

Marit Grønning sa...

Hei Margunn og Rebecca!

Jeg var på BiG forrige uke! Herlig skole med kjekke folk:) Klassen min var på møteuke på Drottningborg, men avla et aldri så lite besøk til bibelskolen i samme slengen.

Ettåring høres utrolig bra ut! Og ja, som Ingvild sier: Hjertelig velkommen til Fjellhaug!

Hilsen Marit e tøff!!

Anonym sa...

Hei godtfolk!

Kjekt at dykk vitjar vår vakre heimeside!
Takk for invitasjonen, alle tre! Dykk skal ikkje sjå bort i frå at me tek oss ein tur til Oslo når det stundar mot vår, og Ingunn, berre pass deg. Plutseleg står me på trappa!

Forresten så trivst me svært godt i Øygarden, men saknar trekantsambandet. Hadde vore kjekt å fått til ei øving snart, Ingunn?!?

De er alltid hjarteleg velkomne på besøk:)

Over og ut,

Margunn