Vyrde trufaste lesar, om du finns der ute...
Etter ein hard haust med tidlege morgonar og lange arbeidsdagar hadde me gjort oss fortente til ein aldri så liten haustferie. For andre gong sidan me vart sambuar, skildes våre vegar.
Rebecca reiste heim til vakre Framnes og ferierte saman med familien og sin kjære Jan Guttorm. Høgdepunktet til Rebecca i ferien var då ho og JG farga mjølka i matsalen på Framnes blå. Trur både elevar og personale vart ein smule overraska!

Eg på mi side byrja ferien med ein tur til Bildøy, der eg vitja (Prop)Ellen, ei venninne. Dagen derpå reiste eg til Trondheim og vitja både slekt (Inga på Fredly FHS) og vener (Vidar i Klæbuveien). Trivelege dagar. Traff også andre meir eller mindre kjende, til dømes vår alles kjære mattelærar Svein Olav (på møte i Betania.)


Denne veka er det på'an igjen med konfirmantundervisning, bibelgrupper, leirplanleggjingsmøte...
"Dersom Adam og Eva var brune, kvar kjem me kvite då ifrå?" Sitat konfirmant
Slike og ei mengde andre spørsmål dukkar stadig opp. Og det er i grunnen godt. Då veit me i alle fall at ungdommen tenkjer, noko dei ikkje alltid gjev uttrykk for at dei gjere!
No til helga skal me arrangera ungdommsskule leir, før me på mandags morgon vender nasa nedover mot Grimstad for to nye veker på TT på BiG. Difor er me i gong med klesvasken, og då dette fantastiske synet viste seg på tørkestativet, måtte det berre forevigast!

Over og ut for denne gongen.
For teamet, Margunn